Meld interesse:



Kontakt megler

Hallvard Flatland / 900 91 900 / hallvard@flatland.no

Gaustatoppen Sjå

Endeleg kan me presentere “Gaustatoppen Sjå” i Gaustatoppen Naturpark.
Utsikten mot Noregs vakraste fjell er heilt magisk!

Prosjektet består av 19 hytter og 24 leiligheter (fordelt på 4 bygg) – alt levert av levehytter.no.
4 av hyttene og det eine leilighetsbygget er oppført.

Boligveljar:

Klikk her  for å sjå hyttene og dei lekre fjelleilighetene

Desse ligg bokstavelig talt midt i smørauga, berre eit par hundre meter frå det flotte hotellet Gausta View, Bygget og Gausta Skisenter. Det er med andre ord gangavstand til “alt”, og du kan spenne på deg skia rett utanfor døra – enten du vil kjøre slalom eller ta deg en langrennstur.

Ta kontakt om du ynskjer meir info: hallvard@flatland.no

Sjå kor fint tomtene ligg i terrenget

Blant dei vakraste gran- og furutre du kan tenkje deg, snaue 1000 moh, ligg hyttene og leilighetane i Gaustatoppen Sjå. Dei er med omhu plassert i terrenget, slik at opplevinga skal bli god, både for dei som bur her, og for dei som ser Gaustatoppen Sjå frå dei mange skiløypene – både bortover og nedover.

Gausta Skisenter har 35 nedfartar (4 flombelyst) og 13 heisar. For dei som helst vi gå bortover, ligg det 85 km med oppkøyrde løyper. Med ein fantastisk utsikt til Noregs vakraste fjell, solrikt
og lunt, med langrennsløypene og alpinbakkane rett utanfor døra og gangavstand til senterområdet, med Restaurant Bygget og Gausta View kan du ikkje få det meir spektakulært – og samstundes så lettvint.
Alt du treng, finn du her!

Sjå kor fint du kan bu

Vi tilbyr fire ulike Vy-hytter, samt lekre fjelleiligheter frå Leve Hytter, alle tegna av det anerkjende arkitektkontoret Einar Jarmund & Co. Hyttene tek utgangspunkt i gammal byggeskikk. Vy har enkle volum, med saltak, store takutstikk og ein karakteristisk kledning, som gjev tilknyting til tradisjonell stavkonstruksjon.

Vindaugene er trekt inn i veggen, for å få maksimal skuggeverknad. Dei store flatene på vindauga slepp inn mykje lys, og gjev ein heilt unik utsikt mot Gaustatoppen. Det same arkitektoniske grepet finn du igjen i dei toetasjes leilighetsbygga, med seks leiligheter i kvart bygg. Planløysingene er smarte og arealutnyttinga svært god.

Boligveljar:

Klikk her  for å sjå hyttene og dei lekre fjelleilighetene

Sjå Noregs vakraste fjell

Frå Gaustatoppen Sjå ser du rett på Gaustatoppen, som mange meiner er Noregs vakraste fjell. Den beskrivinga er vi ikkje usamde i, enten du ser Gaustatoppen i vinterdrakt, sommerskrud
eller flotte høstfargar. Toppen ragar over Rjukan med sine 1883 meter over havet. Årleg tek over 100 000 menneske turen til topps for å nyte den fantastiske utsikta. Vi anbefalar Gaustabanen opp,
om du ikkje vil ta beina fatt. Frå toppen kan du sjå over ein sjettedel av Noreg. I klarvær kan du sjå østover til svenskegrensa og sydover til kysten. Ta deg tid til ein matbit i den gamle
turisthytta mens du er der. Den blei bygd så tidleg som i 1893, av fjellet sin eigen naturstein.

Me sjåast:-)

Fyll ut skjema for å melde interesse

Jeg godtar personvernerklæring og ønsker å bli kontaktet vedrørende Gaustatoppen Sjå